25. september 2007
Surrealistisk klimadebatt
Per Engene: Surrealistisk klimadebatt.
Innlegget til Elisabeth Tveter Briseid i Nationen 14.09.07 er dessverre typisk for klimadebatten i ein del aviser i år. Påstandar som ”oppfører seg som små barn …”, ”De nekter å se virkeligheten i øynene.” ”svekker gangsynet” og ”Mangelen på logikk …” er feilaktige påstandar dersom alle klimaendringane likevel er naturlege.
Politikarar ved IPCC og i mange land som har bestemt at utslepp av CO2 er til skade for klimaet, greier ikkje å føre bevis for slike påstandar. Det er nemleg fysisk umogeleg at det kan skje. Frå naturlovene veit me at høgare temperatur gjer at lufta kan ta opp og halde på større mengder gassar som vassdamp og CO2. Etter ei kald natt må lufta gje frå seg overflødig vassdamp som legg seg som dogg i graset. Det er noko alle som vil har sett.
Det same skjer med CO2. Etter ei kald natt følgjer overflødig CO2 i lufta med dogga ned i graset, eller overflødig CO2 i atmosfæren går rett i vassdraga eller havet når lufta blir avkjølt. Det skjer alltid når lufta blir avkjølt, om natta og om vinteren, og det er uproblematisk, for det er 50 gonger så mykje CO2 i vatn som i luft. Det omvendte skjer når temperaturen går opp. Når sola fordampar dogga, blir CO2-en med på lasset. Vatn som blir varma opp, boblar CO2 til liks med brus eller øl som blir varma opp.
Sirkulasjonen av CO2 mellom atmosfære og hav er på enorme 330 milliardar tonn CO2 per år fram og attende, fordi gasskreftene sørgjer for at CO2-balansen mellom luft og vatn alltid er i orden. Naturen er med andre ord dynamisk. Utsleppet av CO2 frå vulkanar og fossilt brensel fører til at overføringane frå luft til hav blir noko større enn omvendt, men i havet går CO2-en etter kvart over til kalkstein. Havet blir likevel ikkje for surt, for bufferkapasiteten i havet er nærmast uendeleg i denne samanheng.
Utsleppa av CO2 frå kol, olje og gass på 20 milliardar tonn CO2 per år er store, men likevel berre 6% av overføringane til havet. Og hadde utsleppa av CO2 vore større, så hadde overføringane auka tilsvarande pga. at naturen er dynamisk og alltid sørgjer for balanse. Utslepp av CO2 kan dermed aldri påverke eller skade klimaet. Derfor er det urettferdig av Elisabeth og likesinna å harselere med politikarar som vegrar seg for å bruke titals milliardar av kroner per år på noko så bortkasta som å hindre utslepp av CO2 til ein atmosfære som er så sveltefora på denne livsgassen som atmosfæren er i vår tid. Kvifor skulle gartnarane elles fleirdoble CO2-mengda i drivhusa sine for å få gode avlingar?
Utslepp av CO2 kan aldri skade klimaet, men det fører ikkje til at det er fritt fram for sløsing med den fossile energien som er svært avgrensa, eller med annan energi heller, eller med andre viktige ressursar som reint vatn, dyrka jord, skogane, fiskeressursane, eller med malmar og mineral. Det hjelper berre ikkje å narre folk til å ”berge klimaet” og i same slengen sløse grovt med ressursane og øydeleggje miljøet.Det er eit definisjonsspørsmål om me har noka klimakrise, men kunnskapen seier oss at me i alle fall ikkje har noka klimakrise pga. utslepp av CO2. Det er berre eitt av mange bevis på at det for tida blir ført ein vanvittig klimapolitikk her i landet.
Ytringsfridomen er viktig når det gjeld meiningar, men han er heilt avgjerande for eit sunt samfunn når det gjeld spreiing og overføring av kunnskap.
Per Engene, biolog, prengene@online.no
Lagt inn av Per Engene på 14:37 0 kommentarer
onsdag 3. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Jeg er helt enig i at debatten om klimaet er surrealistisk. Derfor må vi komme i gang å "omvende" det store lag av folket. Det mener jeg vi kan få til dersom vi kan få laget et oppsett på kun 1 eller 2 sider med de mest aktuelle faktaopplysningene. Disse finnes i boken "Klimaet", så kanskje Per har dette i et oppsett allerede. Kan dere legge det ut på bloggen.
Grunnen til at eg har vorte interesert i klimasaka, var at eg etter kvart byrja bli irritert over dei stadige "klimaandaktene" i media som var/er heilt einspora.
Etter å ha lese Klimaet-vitskap og politikk- har eg blitt styrka i trua på at mykje av det som vert dosert er feil. Eg har alt kome i gong med avisdebatt. I den samanheng skulle eg gjerne vite
kva type formalutdaning Heinz Thieme har: er han ingeniør/kva type, forskar? etc.
2. Eg var ein tur i Dødehavet i haust.Dødehavet ligg vel 400m under havnivå.Om morgonen i 9-10 tida køyrde vi i løpet av ca 1 time opp til i nivå med havflata
Då vi starta viste temp. ca 35grader,etter å ha køyrd i 1 time medan sola steig på himmelen sokk temp. til 32grC-altså temp nedgang på ca 2-3 grader. Sola skein heile tida. Ingen skyer.Korleis skal dette forklårast? Er det mindre lufttrykk som er avgjerande som Thieme vel forfektar eller må vi sjå på andre faktorar?
Takksam for kommentar
Eg er klår over at dette er eit anna tema enn kva innleiingsartikkelen tok opp- dokke får ha meg unnskyldt..
I Klimaet- Vitskap og Politikk er det på side 41 eit avsnitt om CO2 måling i luft. Det vert der opplyst omCO2 måling heilt attende til 1810.
Var det på den tid mulig å gjere nøyaktige CO2 målingar- eller er målinga gjort i nyare tid-og i tilfelle med kva metode?
Svar til pinto fra Per Engene:
Heinz Thieme bur i Tyskland. Han kallar seg diplomingeniør. Eg veit ikkje kva det tilsvarar på norsk.
Det pinto har registrert frå Dødehavet er i samsvar med teorien. Når det er skyfri himmel, minkar temperaturen med 1 grad per 100 m stigning. 400 m stigning skulle gje 4 grader lågare temperatur. pinto registrerte 3 grader. Frå kl. 9.00 til 10.00 er det rimeleg at temperaturen steig med 1 grad overalt, og dermed blir nedgangen berre 3 grader.
Det er tydeleg at kjemiske metodar for måling av CO2 var kjende og i bruk alt i 1810, sjå Beck 2006 og 2007.
Legg inn en kommentar