onsdag 3. oktober 2007

Meir godt nytt om ozonlaget

Meir godt nytt om ozonlaget
2. oktober 2007

Meir godt nytt om ozonlaget

Per Engene: Meir godt nytt om ozonlaget.

På forskning.no har Ingrid Spilde nærmast friskmeldt ozonlaget. Det er mogeleg at målingane som ho viser til, er rette. Men ekspertane seier at KFK og HCl påverkar ozonlaget minimalt. Før rekna dei med at klorerte og bromerte hydrokarbon stod for nedbryting av ozon, men i 2005 oppdaga forskarar at det var solvinden som var årsaka (nobelprisvinnar Paul Crutzen og Cora Randall).

Det stemmer med at nedbrytinga skjer ved polane. Nordlyset og sørlyset er sterkast når det er solflekkperiodar, og det kjem av partiklar frå sola som gløder atom på same måte som i eit lysrøyr. Desse energirike partiklane frå sola følgjer dei magnetiske kraftlinene på jorda og kløyver ozon. Det seier ekspertane på ozonnedbryting. Dei seier også at påverknaden frå menneskeprodusert KFK er så liten at han ikkje kan merkast (Fred Singer).

Hydrogenklorid, HCl, er ein gass som er svært lettløyseleg i vatn. Gassen lagar sur nedbør, men kjem aldri opp i stratosfæren der ozonlaget er.

Ozon blir produsert i store mengder i stratosfæren, 10-50 km over jorda, mest ved ekvator og der heilt ned til 10 km over jorda. Like store mengder må brytast ned for å halde på ozonbalansen. Ozonet følgjer med antipassatvindane mot polane. Men i streng kulde kjem det ikkje fram til polane, men blir avkjølt, søkk ned, og lagar ozonberg framfor polane med ozonhol ved polane. Det har skjedd regelbunde i september i Antarktis og i februar i Arktis, også etter 1987 og Montrealprotokollen.

Legg merke til at Montrealprotokollen aldri vart godkjend av vitskapsmenn. Heile avtala vart sett i verk av politikarar på sviktande vitskapleg grunnlag.

Når det med jamne mellomrom stadig blir proklamert at no er ozonlaget reparert, fordi det vart sett forbod mot utslepp av ozon-nedbrytande gassar i 1987, så er det med respekt å melde berre politisk kunnskapsløyse. Kva skal ein då seia om at TV2 den 11. jan. 2005 melde at etter den smellkalde vinteren i Sibir vart det utvikla eit nytt ozonhol i Arktis, eller at det ved Antarktis vart utvikla det største ozonholet på mange år hausten 2006 - forresten heilt i samsvar med vanleg syklus for ozonlaget?

Det er mogeleg at målingane som artikkelen viser til, er rette, men sambandet til ozonhola finst ikkje. Ozonbalansen omfattar så mange vitskapsgreiner at det er ingen einskild som har oversyn med heilskapen og kan få med alle samband. I dette tilfellet kjenner ikkje dei ekspertane som har målt KFK og HCl til alle andre samband. Her er det ikkje nok med ein ekspert. Det kan vera nødvendig med 20 eller 30 ekspertar frå ulike fagområde for å få med heilskapen.Tidsskrifta Science og Nature har vore lite å stole på dei siste ti åra etter at Michael Mann fekk kontrollen med desse tidsskrifta.

Göran Tullberg, sivilingeniør i organisk kjemi og petrokjemi,
og Per Engene, biolog.

Crutzen, Paul: Ozon Alert http://www.time.com/time/magazine/article/0,9171,918074-1,00.html
Randall, Cora: Sun's Temper Blamed for Arctic Ozone Loss http://www.livescience.com/environment/050301_ozone_thinning.html
Singer, Fred: Ozon
http://findarticles.com/p/articles/mi_m2751/is_n36/ai_15593319/pg_1
http://es-ee.tor.ec.gc.ca/e/ozone/Curr_allmap_s.htm
http://www.sepp.org/key%20issues/ozone/ozcongr1.html

Denne kommentaren er sendt inn til forskning.no

Lagt inn av Per Engene på 13:19 0 kommentarer

Ingen kommentarer: